Bokdebutant: Sondre H. Bjørgum

Sondre har jobbet mye med film og musikk, og det var tekstskrivinga i bandet hans som inspirerte han til å skrive mer. Det har ført fram til debuten med diktsamlinga «Fyrste gong me møtest som snø», som nettopp er kommet. Møt Sondre H. Bjørgum!

Aktuell med: diktsamling «Fyrste gong me møtest som snø» på Aschehoug forlag

 

Sondre H. Bjørgum (Foto: Morten Borgestad/Aschehoug forlag)

Kort om deg selv?

37 år og frå Norheimsund i Hardanger. Eg har arbeidd som dokumentarfilmskapar, har blant anna laga to filmar om poeten Triztan Vindtorn, først «På Fantasiens barrikader» i 2006 (TV 2) og deretter «Homo Ludens- eller sju kapittel frå eit rastlaust liv» i 2011 (NRK2). No lagar eg dokumentarseriar.

Når skjønte du at du ville bli forfatter?

I ungdomstida mi spelte eg i band og skreiv poplåtar. Tekstane utvikla seg vidare gradvis til å verta dikt. Etter dette har eg samla på setningar, dei tekststubbane som var noko å ta med seg vidare.

Hva handler boka di om?

Boka handlar om det eine minuttet før ein treff den personen ein vonar skal vera den rette. 60 sekundar. 60 tankar. 60 dikt. Boka er ei nedteljing. Etterkvart vert det ein kriminalhistorie. Ein slags poesiens Twin Peaks der jenter vert funne drept i Hardanger med ein bunadsnål tredd gjennom halsen.

Ein kan kalla det nasjonalromantiske mord.

Kan du si noe om hvordan du fikk idéen til akkurat denne boka? 

Eg fekk den etter eg traff kona mi. Det er ho eg er på veg for å møta i boka. I midten av boka skulle eg ynskt at ho hadde bruk for meg. Difor skriv eg ho inn i fare. Attende til 1938 der privatdetektiv Schweigaard er på saka.

Eg tykte det var interessant å sjå kva poesi/ eit annleis språk kunne tilføra kriminalsjangeren.

Hvis du har fri og ikke skal skrive, hva vil du da helst bruka tida på?

Kona mi Rikke, våre to born, eller å gøyma meg bort for å skriva musikk.

Av Leif Gjerstad

Flere bokdebutanter her!

 

 

Print Friendly, PDF & Email

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *