Frode Gryttens favorittord

Frode Grytten har fått strålende kritikker for sin nye novellesamling «Menn som ingen treng». Favorittordet hans er imidlertid et begrep alle kjenner til og noe vi både trenger og ønsker:

«Kjærleik»

 

Bergen 20130826: Frode Grytten. FOTO: PAUL S. AMUNDSEN
«Kjærleik» er Frode Grytens favorittord, og det dukker da også opp i hans nye novellesamling «Menn som ingen treng». (Foto: Paul S. Amundsen/Forlaget Oktober)

– Hvorfor dette ordet?

– Det seier seg vel sjølv. Ingen grunn til å utbrodere det. Forfattarar og musikarar og filmskaparar og folk har utbrodert det ordet i det vide og det breie. Så. Ja.

– Hvilke assosiasjoner får du til ordet «kjærleik»?

– Gode. Og dårlige. Mest gode. Nesten bare gode. Nokre dårlige. Eit par dårlige. Mest gode. Ja, gode. Skikkelig gode. Knallgode. Mest det. Gode.

– Du er aktuell med en ny novellesamling, «Menn som ingen treng». Har du brukt favorittordet ditt der?

– Det har eg. I novella «Vintertog» står det følgande: «Ho svarte ein gong at kjærleik ikkje er ein religion, kjærleik er det to menneske bestemmer seg for å gjøre.

– Kan du si noe om hva «Menn som ingen treng» handler om?

– Tittelen oppsummerer det ganske bra, trur eg. Menn som ingen treng. Kva skjer med menn som ingen treng, som fell utanfor, anten det er økonomisk, relasjonelt, seksuelt, politisk, menn som hamnar i randsona og som derfor blir farlige. Men det er mange typar menn i den boka, ikkje bare slike som du gjerne trur finst i den boka. Ja, novellene svarar best på spørsmålet, tenker eg.

– Hvordan fikk du idéen?

– Det veit eg ikkje. Eg hugsar ikkje heilt lenger. Eg har jobba med denne boka i mange år, og ideane til dei ulike novellene graviterte etter kvart mot mykje av det same: maskulinitet og bilkjøring og vegane vekk og vegane heim. Korleis reagerer folk som blir sett under eit stort press og som kanskje ikkje har eit språk eller refleksjon til å handtere det presset?

Av Leif Gjerstad

Flere favorittord her!

 

(Idéen bak serien «Favorittord» er hentet fra det svenske bladet Vi Läser)

Print Friendly, PDF & Email

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *