Bokdebutant: Hanne Kolstø

Som musiker har Hanne Kolstø skrevet mange sangtekster. Nå har hun utvidet teksformatet til en roman. (Foto: Anne Valeur)

Som plateartist kan Hanne Kolstø se tilbake på femten år med tolv album og fem Spellemann-nominasjoner. Erfaringer herfra har nå funnet sin vei inn i hennes første roman «Psykopatmusikk».  

Aktuell med romanen «Psykopatmusikk» på Oktober Forlag

Kort om deg selv?

– Eg er høg. 43 år. Har haldt på i over eit tiår som musikar, komponist, tekstforfattar. 12 album, 9 som soloartist. Sunnmøring. Elskar fjellet, men no bur eg i skogen. Eg ser fjorden då, så det hjelp.

Når skjønte du at du ville bli forfatter?

– Eg trur ikkje eg har skjønt det enda? Eg har jo alltid skrevet tekstar til musikk, men for nokre år sidan byrja det vekse det fram noko andre greier som ikkje trengte lyd å støtte seg på. Så då tok eg det på alvor, og byrja jobben med å finne ut kva det var.

Hva handler boka di om?

– Kort forklart: Ei jente møter ein fyr, heng med ustadig venninde, prøvar skrive musikk som er fri, samtidig som ho må forhalde seg til ein far som er litt for tett på.

Tanken var å klistre lesaren til hjernebarken i eit litt koko mørkt hovud, og gjere turen både venleg, vill og vakker. Eg blir glad når folk seier dei har ledd masse, for det var jo meininga…

Eg tenker at boka i bunn og grunn handlar om ambivalens, det er i alle fall det eg har prøvd på, samt at teksten skal vere litt som ein godtepose, med ulike smakar, at lesaren skal bli slengt litt hit og dit, for det elskar eg sjølv!

Kan du si noe om hvordan du fikk idéen til akkurat denne boka?

– Eg skreiv først 2-3 andre manus (over fleire år) som handla om heilt andre ting, men alt kjentest berre som påfunn, det hang liksom ikkje fast i noko sant. Dette losna etter eit seminar eg var på, der Jan Kjærstad (eg trur det var han), snakka om kor interessert folk er i å lese om yrker i romanar. Då eg kom heim den kvelden tenkte eg at eg kunne jo gjer eit forsøk på å skrive utifrå ei musikerstemme (som eg jo kan litt om), og når eg gjorde det, tok det ikkje lang tid før denne historia om «S» vaks fram, ja, eg trur det berre var veker etterpå at mine erfaringar med musikk var blitt til hennar, men at ho opplevde det å vere musikar som ganske annleis, samt at ho byrjar finne på ting, og seie ting som eg faktisk mora meg veldig med å skrive.

Utover dette er eg veldig fascinert over symbiotiske forhold, korleis dei artar seg, korleis ein snakkar og ter seg når ein liksom er fletta saman med ein anna, så det er nok noko eg trur kjem til å gå igjen i mitt forfattarskap. Når det er sagt, så trur eg berre denne historia måtte bli skriven først, så kanskje ein av dei 2-3 eg byrjar på vil kunne modnast seinare?

Hvis du har fri og ikke skal skrive, hva vil du da helst bruka tida på?

– Eg bur som sagt i skogen og mykje av bakgrunnen for det er at eg elskar halde på ute med ulike prosjekt, helst bygge ting, snekre anneks/drivhus/trapper osv., drive med ymse hagearbeid, riving, trefelling, vedhogging. Ellers har eg akkurat byrja å male, så på vinteren er det meir slike aktivitetar, viss eg ikkje jobber med ny musikk i studio eller spelar konsertar.

Helst mest skog, mindre folk. Mannen min, ein drill og nokre skruar og eg er happy.

Av Leif Gjerstad

Flere bokdebutanter her!

Print Friendly, PDF & Email

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *