Bokdebutant: Heidi-Anett Haugen

Hun har mastergrad i billedkunst og jobber aktivt som kunstner. I tillegg har 32-åringen «alltid» likt å skrive, og nå foreligger debutromanen «Kuk og hjarta».

Aktuell med romanen «Kuk og hjarta» på Flamme forlag

Kort om deg selv?

Heidi-Anett Haugen (Foto: Flamme forlag)

– Eg kjem frå Voll på Jæren og er utdanna biletkunstnar med bachelorgrad i samtidskunst frå Kunstakademiet i Tromsø og mastergrad i biletkunst frå Kunstakademiet i Trondheim. Under kunstutdanninga mi har eg også studert i Stavanger, Odense og Gøteborg. Når eg skapar kunst, tenkjer eg at det er ein form for å kommunisera, eit visuelt språk. Å skriva er også ein form for å kommunisera, berre at her gis bileta med ord, og skapast i fantasien til kvar enkelt som les.

 

Når skjønte du at du ville bli forfatter?

– Eg har alltid likt å teikna, skriva, dikta og fortelja. Då eg studerte byrja eg å skriva små dikt i notatbøkene mine blant alle andre kunstteoretiske notat, og desse små sjølvskrivne tekstane følgde meg, eg skreiv dei av i notatbok etter notatbok, endra kanskje litt på dei undervegs og skreiv dei inn i Word på datamaskinen min. Utruleg nok har eg tatt vare på alle notatbøkene og wordfilene med tekstane som eg har skreve i byrjinga av tjugeåra og fleire av tekstane har eg arbeida vidare med og tatt med i boka.

Hva handler boka di om?

– Eg tenkjer at boka handlar om det å vera ung å ynskja å bli elska og å elska. Så enkelt som det, på same tid så vanskeleg.

Kan du si noe om hvordan du fikk idéen til akkurat denne boka? 

– Boka var fyrst tenkt på som ein boksingel. Flamme forlag gjev ut ca. ti boksinglar i året som er mindre trykksaker i små opplag. Eg samla alt eg hadde av tekst eg tykte handla om å vera ung og ”kjærasteri”, det vart til heile sekstifire sider. Redaktøren min såg eit potensiale i alle desse sidene at det kunne bli til ei lita roman, at eg allereie hadde fyrste kapittelet så og seie ferdig på plass, eg måtte berre skriva meir.

Hvis du har fri og ikke skal skrive, hva vil du da helst bruka tida på?

– Lesa, skriva, tenkja, skapa, høyra på musikk og eta sjokolade. Det er når eg har fri at eg har tid til å skriva. Ideelt sett for å skriva treng eg plass, som er heile dagar utan nokon avtalar.

Av Leif Gjerstad

Flere bokdebutanter her! 

 

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *