Bokdebutant: Helga Songøygard Battin

Helga Songøygard Battins hovedkarakter trives bedre med planter enn med mennesker.. (Foto: Oda Berby/Samlaget)

Battin har jobbet noen år i en blomsterbutikk. Der lærte hun blant annet hva en rosehagtorn er, noe som kom godt med da hun skulle skrive roman om den smånervøse Tilia som fortrekker enkle planter heller enn kompliserte mellommenneskelige relasjoner. Møt bokdebutanten her! 

Aktuell med romanen «Rosehagtornen» på Samlaget

Kort om deg selv?

– Eg er 31 år gammal og jobbar i blomsterbutikk i Tokke kommune. Eg er utdanna bibliotekar, og har gått på Forfatterstudiet i Bø. For tida er eg heime i mammapermisjon.

Når skjønte du at du ville bli forfatter?

– Eg starta karriereønsket med boka «Stor og liten munn» (eller noko tilsvarande) då eg var rundt åtte år, og fortsette med «Forfattarbok (øving)» då eg var 11. Eg skjønte vel tidleg at det var ei moglegheit, men det var først i 2012 eg satsa for fullt på skrivinga ved sidan av deltidsjobben min ved Unge Deichman i Oslo. 

Hva handler boka di om? 

– «Rosehagtornen» handlar om den litt nervøse Tilia og hennar forhold til sambuaren Adrienne, til naboen, til arbeidslivet, til familien og folk generelt, men også til planter. Sistnemnde byr heilt klart på færre utfordringar, plantene snakkar ikkje tilbake og krev ikkje stort meir enn litt vatn og kanskje ei fin plassering med nok lys. Alt anna i livet ser ut til å vere utfordrande for Tilia, dersom ho må ta stilling til det.

Kan du si noe om hvordan du fikk idéen til akkurat denne boka?

– Eg starta å skrive romanen på verandaen ein fin vårdag. I hagen dukka det opp stadig fleire blomar og alt rundt meg blei grønare. Mykje av det eg såg fekk plass i teksten. Stemma som fortalde og observerte var Tilia si, og når ho vart til, kom menneska rundt henne av seg sjølv. Det var som om eg fekk opna det nye universet og fekk tilgang på elementa derifrå.

Hvis du har fri og ikke skal skrive, hva vil du da helst bruka tida på?

– Eg les mykje, men det ser eg på som eit forarbeid til skrivinga. Elles liker eg å gå småturar i skogen, sjå på tv-seriar og vere med familien.

Av Leif Gjerstad

Flere bokdebutanter her!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *