
«Ingvild Skølt har skrive ein frisk og levedyktig debutroman», skriver Dag og Tid i sin anmeldelse av Skølts roman «Du vil kjenne eit lite stikk». Møt forfatteren her!
Aktuell med romanen «Du vil kjenne eit lite stikk» på Aschehoug forlag

Kort om deg selv?
– Eg er oppvaksen i Hemsedal, men bur no i Honningsvåg i Finnmark. Eg arbeider som fastlege, og har tre små barn og ein mann som spelar i rockeband.
Hva handler boka di om?
– Me møter turnuslegen Hanne, som startar i sin aller fyrste jobb ved Granmo sjukehus. Her går ho rundt med altfor stor kvit frakk og gode intensjonar, medan ho prøver å unngå kjeft frå forbanna pårørande og trøytte bakvakter. Det er ei bok om liv og død, om å forsøkje å finne sin plass i vaksenkvardagen og om jakta på den store kjærleiken. Om usikkerheit, einsemd og frykta for å gjere feil, og om kva som skjer om det aller verst tenkjelege faktisk hender.
Kan du si noe om hvordan du fikk idéen til akkurat denne boka?
– Som helsepersonell kjem ein aller tettast innpå heilt framande folk, og det kan resultere i både vonde, overraskande, absurde og dramatiske situasjonar. Desse menneskemøtene er noko av det mest magiske og utfordrande ved legejobben, og det er ei verkeleg god ramme for historieforteljing.
I tillegg er det stor kontrast mellom forventingane knytt til den tradisjonelle legerolla, og korleis det opplevast på innsida av den kvite frakken. For mange er overgangen frå lesesal til akuttmottak altfor tøff, og det synest eg me bør snakke høgare om.
Hvis du har fri og ikke skal skrive, hva vil du da helst bruka tida på?
– Ungane mine, ski- og fjellturar, gode folk og god mat, bøker og musikk.
Av Leif Gjerstad
