Bokdebutant: Ingvill Kjærstein

Ingvill Kjærstein er oversetter og redaktør i tidsskriftet Fett. «Austvestpassasjen» er hennes første roman (Foto: Gry Traaen)

Ingvill Kjærstein er fra Sykkulven, men har bodd mange år i Japan. Det har gitt næring til romanen «Austvestpassasjen», med handling primært fra den gamle keiserbyen Kyoto.

Aktuell med romanen «Austvestpassasjen» på Samlaget

Kort om deg selv?

– Eg er tidsskriftredaktør og omsetjar frå Sykkylven i Møre og Romsdal. Halve tida mi er eg ansvarleg redaktør i Tidsskriftet Fett, Noregs største feministiske tidsskrift. Ved sidan av jobbar eg med mi første romanomsetjing frå japansk. Eg brukte mykje av tjueåra på å flytte fram og tilbake mellom Japan og Noreg, og har mellom anna ein mastergrad i litteratur frå Osaka Universitet.

Når skjønte du at du ville bli forfatter?

– Det er sjeldan eg føler det er relevant å nemne, men farfaren min var forfattar. Han debuterte på Aschehoug i 1964, det er seksti år sidan i år. Vi hadde ikkje eit nært forhold, men det er ingen tvil om at det påverka meg å vekse opp i ein familie der nokon skriv, sjølv om det var fjernt for meg å skulle gjere det sjølv. Eg byrja å skrive skjønnlitterært i midten av tjueåra, då eg fekk ideen til Austvestpassasjen, utan at eg nødvendigvis tenkte så mykje på forfattaryrket.

Hva handler boka di om?

– Austvestpassasjen handlar om ei ung kvinne som jobbar som engelsklærar i Kyoto og ber på svært ambivalente kjensler – eit behov for nærleik, men samstundes ein avsky mot det, ein sterk frykt for andre menneske, men også masokistiske drifter som får ho til å vise andre enorm tillit, eit ynskje om anonymitet sjølv om ho også ynskjer å bli sett for meir enn nasjonaliteten sin. Mykje av romanen sentrerer rundt korleis ho reagerer i situasjonar som ho opplever som trugande.

Kan du si noe om hvordan du fikk idéen til akkurat denne boka?

– Det starta med at eg byrja å leggje merke til ulike former for forstyrringar i kvardagen min i Osaka. Jehovas vitner ringte på døra mi kvar fredag morgon klokka 11 for å konvertere meg. Eg fekk bisarre flygeblad i postkassa om å bli med i dommedagskultar og selje sex. Eg opplevde eit stort jordskjelv med episenter nær meg. Nokon prøvde å overfalle naboen min, som også var min aller beste venn, utanfor bygningen vi budde i. Ukjente menn forfulgte meg på gata og i butikkar. Alt dette kokte saman til ei grunnstemning eg ville utforske skjønnlitterært.

Hvis du har fri og ikke skal skrive, hva vil du da helst bruke tida på?

– Då vil eg sjå på at forloveden min lagar middag til meg, lese ei bok eller spele Nintendo med katten vår i fanget, eller møte ein venn og ha lange samtalar til seint på kveld. Eg høyrer elles på musikk nesten døgnet rundt. Det går mykje i eksperimentell pop eller folk, som FKA Twigs, Joanna Newsom, Fever Ray og Kate Bush. Jo, og så er eg, sikkert ikkje overraskande, veldig glad i karaoke.

Av Leif Gjerstad

Flere bokdebutanter her!

Print Friendly, PDF & Email

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *