Bokdebutant: Leander Djønne

Leander Djønne er etablert som kunster, men bredder nå sitt virke og gir ut roman. (Foto: Baard Henriksen)

Leander Djønne er utdannet billedkunster og jobber som det. Nå har han i tillegg debutert med romanen «Oskespiralen», som ifølge NRKs positive anmeldelse «liksom lyser for seg selv i den norske bokhøsten».

Aktuell med romanen «Oskespiralen» på Forlaget Oktober

 Kort om deg selv?

– Eg er 41 år og bur på eit småbruk i Grimo, Hardanger, Ullensvang Kommune. Eg er utdanna biletkunstnar og jobbar som det. Eg er forfattar og fruktdyrkar. Elles arbeider eg som lærar og miljøterapeut i grunnskulen. Eg er heldig som bur i lag med forfattar og kjærast, Tora Sanden Døskeland. Lyt og nemne hunden Kvass og katten Kokkos, dei bur der og. 

Når skjønte du at du ville bli forfatter?

– Eg skjønte at eg ville skrive og verta kunstnar i slutten på ungdomskulen. At eg skulle bli forfattar trudde eg ikkje at eg fekk til. Før no. 

Hva handler boka di om? 

– Boka handlar om to brør som reiser attende til Garden, plassen dei vaks opp. Dei drar på eit slags hemntokt. Brørne hadde det ikkje greitt når dei var små. Boka handlar om oppvekstvilkår og kva traume kan gjere med menneske. Boka kretsar rundt tankar om arv og miljø. Naturen er også til stades – den observerer menneska, som til slutt må stå til rette for kva dei held på med. 

Kan du si noe om hvordan du fikk idéen til akkurat denne boka? 

– Eg fekk mest ideen frå eigen barndom og oppvekst. Historier eg kjenner frå avsidesliggande gardar i distriktet. Ville skrive ei forteljing frå dette landskapet. Arbeidet mitt som gardbrukar har og spelt ei rolle. Elles er det nokre moralfilosofiske problemstillingar som eg ofte tematiserer i kunstnarskapet mitt, som trenger seg fram i boka.  

Hvis du har fri og ikke skal skrive, hva vil du da helst bruka tida på?

– Eg har satt meg i ein situasjon der eg no har fleire jobbar som strevar litt mot kvarandre og krev sitt, så det vert for lite fri. Eg hadde fri ei veke i sumar. Då las eg bøker og fiska. Kjende stundom at lesinga vart meir arbeid. Så då vart det meir fisking. Og fridykking. Det likar eg. Heilt fri kan eg plutseleg kjenne at eg får i opne tankefelt med Tora eller vener utanfor arbeids-sonene. Det kan vere seg ei helg, ein enkelt kveld eller morgonstund. Å vere i fjellet eller i skogen likar eg. Øl på pub likar eg og å kaste bort tida mi på.   

Av Leif Gjerstad

Flere debutanter her!

Print Friendly, PDF & Email

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *