Bokdebutant: Maria Horvei

Maria Horvei har lagt handlingen i sin debutroman til Norges nasjonaldag (Foto: Erika Hibbert)

Maria Horvei lar alle ta plass i folketoget 17. mai, og skal vi tro Klassekampens anmelder har det vært «en god fest» å bli med på feiringa til Horvei.

Aktuell med romanen «Gratulerer med dagen» på Gyldendal forlag         

Kort om deg selv?

– Eg kjem frå Voss, er 34 år og har dei siste ti åra jobba vekselsvis som journalist, kritikar og skribent, med base i Oslo. Eg har vore redaktør i litteraturtidsskriftet Vinduet, eg har ei mastergrad i kunsthistorie, eg har jobba i kunstfeltet og eg har skrive mykje for mellom andre Klassekampen. Denne hausten byrja eg som forlagsredaktør for omsett skjønnlitteratur i Aschehoug – og så debuterer eg altså på Gyldendal. Sehesteds plass for alltid! 

Når skjønte du at du ville bli forfatter?

– Inga lysande aha-oppleving renner meg i hu, men på eitt eller anna tidspunkt hadde eg gått frå å ikkje ha ein særleg klart formulert plan om å skrive ein skjønnlitterær roman, til å ha det. Då meldte eg meg til Gyldendals forfattarskule, og så var eg på ein måte i gang. Det var på éin måte ikkje snakk om eit veldig paradigmeskifte, eg har stort sett levd av å skrive og arbeide med tekst i mange år allereie, men det er ein overgang å gå frå å skrive på oppdrag, til å skrive på eit sjølvstendig prosjekt. 

Hva handler boka di om? 

– All handlinga speler seg ut på 17. mai, i ei lita vestlandsbygd. Romanen følgjer fire personar som på ulike måtar strevar med å komme seg gjennom denne dagen, og med å kople den konkrete verkelegheita deira nasjonaldagsfeiring utgjer opp mot abstrakte omgrep som nasjonalkjensle, fellesskap og samhald. Med større og mindre hell, kan du seie. 

Kan du si noe om hvordan du fikk idéen til akkurat denne boka? 

– Eg trur ideen om ein roman som har 17. mai som ramme kom til meg lenge før eg bestemte meg for at det var ei bok eg skulle forsøke å skrive. Då eg hadde køyrd meg heilt fast i eit anna prosjekt, kom denne tanken tilbake til meg, og eg byrja å skissere ei scene der ein ung mann sitt på guterommet sitt i heimbygda og forsøker å skrive den talen han har takka ja til å halde same dag, men som han framleis knapt har byrja på. Og ja, så kom resten sånn litt etter kvart. 

Hvis du har fri og ikke skal skrive, hva vil du da helst bruka tida på?

– Eg les jo mykje, då. Mykje av det òg er arbeidsrelatert, men eg sett desto meir pris på å kunne velje ei bok heilt fritt, etter eige ynskje. 

Av Leif Gjerstad

Flere debutanter her!

Print Friendly, PDF & Email

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *