Bokdebutant: Mathias Nyhagen Asplund

Mathias Nyhagen Asplund (foto: Mats Jensaas/Cappelen Damm

«Det vakre språket gjør diktsamlinga til Mathias Nyhagen Asplund verdt å lese», konkluderer en anmelder om Mathias Nyhagen Asplunds diktsamling «eins pust».

Aktuell med diktsamlingen «eins pust› på Cappelen Damm

Kort om deg selv?

– Eg er 32 år, kjem i frå Bodø og bur no utanfor byen. Her lever eg mellom eit hav og ein skog. Det er mykje å sjå både ute på havet og inne i skogen. Eg har ingen anna jobb enn å skrive. Før eg flytta nordover budde eg i London i mange år. Der var det korkje hav eller skog. Men mykje å sjå likevel. Eg var heldig som valde å flytta frå storbyen ganske rett før denne pandemien tok tak. 

Når skjønte du at du ville bli forfatter?

– For meg var det eit stort skilje mellom det ein skreiv på skula og det eg skreiv heime. Eg var ikkje god på skula og hadde ingen ambisjonar der. Også dei forfattarane me las på skula synst eg ikkje noko om. Det var dei tekstane eg oppdaga sjølv som festa seg. Og av ein eller anna grunn byrja eg å skriva heime og helde fram med det. Det å kunne styre sin eigen dag, sin eigen prosess og for det meste gjere det ein liker, det er eit liv som nesten kjenst litt forbudt å leve. Men for meg er det synonymt med å vere forfattar.

Hva handler boka di om? 

– Stein. Vatn. Vatn. Stein. Dyr. Blod. Boka er ei diktbok. Det er korte tekstar som prøver tale til noko tidleg og urgamalt. Eg har prøva forstå noko gjennom å skrive desse tekstane. Eg prøver forstå noko som fantast samtidig som språket vart til, og kanskje lenge før. Eg vart interessert i desse tema som eg skriv om og den einaste måten eg kunne få fram noko som tala til det var på denne måten: som dikt. No håpar eg dikta kan få tid hos ulike lesarar. Det er det eg og dikta håper på. Tid.

Kan du si noe om hvordan du fikk idéen til akkurat denne boka? 

– Eg vart veldig interessert i dikt som form og korleis ein kan skriva så smått om så mykje. Eg forska på handverket samtidig som eg vart interessert i det som er tema og «motiva» i boka. Eg vart fasinert av kva verktøy ein har når ein har valt seg dikt som form og kor mykje ein kan gjere med ganske lite. Om ein tek språket på alvor og lyttar til dei få orda som står, då kan dei bety ganske mykje. Om eg verkeleg ser etter kva eit linjeskift gjer. Og gjentakingane. Og mellomroma. Gjennom det fann eg fram til noko eg ville arbeida vidare med.

Hvis du har fri og ikke skal skrive, hva vil du da helst bruka tida på?

– Da går eg tur. Noko eg trur mange som skriv gjer. Da eg budde i London gjekk eg veldig mykje att og fram i gatene. No går eg i skogen og bortover ryggar og oppover skar. Det er vel ein del av skrivinga det også. 

Av Leif Gjerstad

Flere bokdebutanter her!

Print Friendly, PDF & Email

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *