Bokdebutant: Tharaniga Rajah

Tharaniga Rajah kommer fra Rogaland og vurderte «svenskegrensa» som base for sin roman. Men i stedet endte hun opp i Finnmark, som hun aldri hadde vært i. Møt ukas bokdebutant!

Aktuell med romanen «Det er lenge til skumring» på Samlaget

 

Kort om deg selv?

Tharaniga Rajah (Foto: Oda Berby/Samlaget)

– Eg er født 1984 og oppvaksen på Moi med foreldrar frå Sri Lanka. Har studert Asiatiske- og afrikanske studiar. Er engasjert med eit spesielt hjarte for miljø og dyrevern.

Når skjønte du at du ville bli forfatter?

– Eg har alltid drøymt om å bli forfattar, men ein eller gong i løpet av 20-åra ga eg opp drøymen og trudde det var noko som ikkje skulle skje meg. Men så ein dag var det ei veninne som tipsa meg til å søka aschehougs forfattarskule. Eg gjorde det og kom inn! Og etter det så har eg stått opp 05.30 kvar morgon og skrive før jobb for å bli ferdig med romanen

Hva handler boka di om?

– Det er ein samisk dystopi i ein alternativ røyndom. Noreg har utsett samane for utreinsking, og Raisa og dottera hennar dreg til Finnmark for å bu i ein samisk fellesskap. Samane bygger seg ein stat, som snart blir angripe av nabolanda. Raisa må kjempa i krigen for å verna det nye landet sitt og dottera.

Kan du si noe om hvordan du fikk idéen til akkurat denne boka? 

– Me hadde ein veldig fin reaksjon på 22.juli, kor me gjekk i rosetog etter ein grufull terroraksjon. Oslo lukta rosar i fleire veker etterpå. Men eg har tenkt litt på om me hadde vore like rause om me hadde opplevd terror vekentleg? I byrja tenkte eg at svenskene skulle bomba oss, men for å vera heilt ærleg så var eg ikkje så fysen på å gjera reasearch kring svenskegrensa, så eg vende blikket mitt utover. Då oppdaga eg Sápmi, som ligg godt til for å skriva ein krigsroman, sia Sápmi ligg i Noreg, Sverige, Finland og Russland. I tillegg har jo Noreg ei forferdeleg historie med fornorskinga av samane, som gjev ei ekstra dybde i fortellinga.

Hvis du har fri og ikke skal skrive, hva vil du da helst bruka tida på?

– Symja, både i havet og i basseng, gjera yoga og gå turar i skogen. Ta sauna med vennar og eit glas vin i handa, og lesa sjølvsagt!

Av Leif Gjerstad

Flere bokdebutanter her!

Print Friendly, PDF & Email

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *