Bokdebutant: Tone Myklebust

Tone Myklebust har debutert med en novellesamling. (Foto: Henriette Framnes Time/Studio Hjelm)

Hvis du blir trengt opp i et hjørne, hvem blir du da? I novellesamlinga «Det stoppar ikkje her» utforsker Tone Myklebust denne problemstillinga, med mennesker som på en eller annen måte har opplevd å miste kontrollen over sin tilværelse.

Aktuell med novellesamlinga «Det stoppar ikkje her» på Cappelen Damm. 

Kort om deg selv?

– Tone Myklebust, født 1970, busett i Egersund. Gjekk forfattarstudiet i Tromsø 2010-2012. Er tidlegare utdanna innan, og har jobba med, pedagogikk/leiing.  

Når skjønte du at du ville bli forfatter?

– Eg har skrive for meg sjølv så lenge eg kan hugsa, det eldste eg har liggjande er ei notisbok med «diktbok, Tone 7 år» på framsida. Men eg vaks opp i eit pietistisk kristenmiljø, med streng kontroll av kva som var lov både å lesa og skriva. Lenge vågde eg derfor ikkje ein gong å tenka tanken på å bli forfattar. Det var rett og slett ikkje eit alternativ som fanst i mi verd. Å ta høgare utdanning blei eg òg frårådd, sidan det kunne føra til kritiske tankar mot gud og trussamfunn. Etter kvart tvang det seg likevel fram for meg, og i dag er eg glad for både studia eg ha teke og jobbane eg har hatt før forfattarstudiet. Å koma til Tromsø og treffa andre som var like opptekne av skriving som meg, blei likevel, orsak høgt klisjénivå, som å finna vatn i ørkenen. Etter dei to åra på forfattarstudiet visste eg at det er dette eg først og fremst vil og må.

– Hva handler boka di om? 

– Om denne forunderlege arten me høyrer til. Om kor tynn sivilisasjons-hinna er og kor lite kontroll me eigentleg har. Og om at så lenge det finst bevegelse finst det liv.

Kan du si noe om hvordan du fikk idéen til akkurat denne boka?

– Novellene har blitt til over fleire år, parallelt med andre skriveprosjekt. Kvar novelle er jo ei sjølvstendig historie og bygger på sin eigen idé. Starten på ei novelle kan gjerne vera ei setning eller nokre liner eg har skrive for lenge sidan der det finst ein eller annan form for energi som gjev meg lyst til å utforska vidare. Nokre gonger har eg ein tanke om kva teksten skal handla om når eg begynner, men dette endrar seg stort sett alltid undervegs. Til slutt forsvinn kanskje til og med lina som sette det heile i gang. Alle novellene består eigentleg av dei same ingrediensane, berre med svært ulikt blandingsforhold: Eigne tankar og opplevingar, noko eg har fått fortalt av andre, ting eg har lest, observert eller høyrt – og ein solid dose fri fantasi.

Hvis du har fri og ikke skal skrive, hva vil du da helst bruka tida på?

– Eg likar godt å gå tur, åleine, saman med familie eller ei god venninne. Både tankar og samtaler flyt lettare mens ein går. Å sitja på kafé, ta seg eit glas vin og kika på folk er heller ikkje å forakta. Men då kjem fort skriveboka fram. 

Av Leif Gjerstad

Flere bokdebutanter her!

Print Friendly, PDF & Email

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *