Bokdebutant: Robin Van de Walle

Robin Van de Walle er fra Belgia, men skriver på nynorsk. (Foto: Helge Skodvin)

Robin Van de Walle var 20 år da han kom fra den flamske delen av Belgia til riksmålsbyen Bergen. Åtte år seinere bokdebuterer han med en roman på nynorsk, «Han, solo»..

Aktuell med romanen «Han, solo» på Cappelen Damm

Kort om deg selv?

– Eg er bibliotekar og forfattar, 28 år, og bur i Bergen. Opphaveleg er eg frå Belgia, så eg har lært meg norsk som framandspråk. Eg har studert litteraturformidling ved UiO, og har også gått eitt år på Skrivekunstakademiet i Bergen.  

Når skjønte du at du ville bli forfatter?

– Samtidig som eg begynte å lese på ordentleg, trur eg, som var ein gong i tenåra. Det er noko med den kontinuerlege dynamikken mellom livet, lesinga og skrivinga som kjennest veldig naturleg og fint for meg. Å kunne veksle litt mellom det å leve ute blant folk, og det å trekke seg tilbake for å reflektere, lese og skrive, er noko som eg verkeleg treng. Eit skrivande og lesande liv, i dialog med bøkene, er ein veldig grei måte å vere til stades i verda på, synest eg. 

Hva handler boka di om? 

– «Han, solo» handlar om kjærleikssorg og einsemd, og korleis ein må lære seg å leve med begge. Det startar med ein eg-forteljar som blir forlaten av kjærasten sin, og som prøver å finne ein veg ut av kjærleikssorga han opplever. Men så er boka òg ei slags essayistisk utforsking av identitet og tilhøyrsel, og korleis einsemd og rotløyse kan vere eit slags leiande prinsipp i eit menneskeliv – ein raud tråd, på godt og vondt. Og så handlar det om skriving, og om det å vere skeiv. Og så kjem det også litt homosex og popkulturelle referansar innimellom, for å halde det gøy. 

Kan du si noe om hvordan du fikk idéen til akkurat denne boka? 

– Det kom litt av seg sjølv, fordi eg sjølv opplevde ein liknande kjærleikssorg, samtidig som det var pandemi og eg nett hadde flytta til ein ny by. Og så tenkte eg: Viss artistar som Adele og Amy Winehouse kan lage break-up-albums om slike greier og tene millionar på det, kvifor skal ikkje eg kunne lage ei bok om det? 

Hvis du har fri og ikke skal skrive, hva vil du da helst bruka tida på?

– Å vere ute og gå i fjellet, sykle, eller symje. Det blir jo så mykje sitjing når ein skal skrive, så då er det viktig å bruke kroppen litt. 

Av Leif Gjerstad

Flere bokdebutanter her!

Print Friendly, PDF & Email

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *