Bokdebutant: Unn Conradi Andersen

Unn Conradi har fortid som journalist, men jobber nå som forsker – og er denne høsten aktuell som forfatter. (Foto: Agnete Brun/Forlaget Oktober)

Dagblad-lesere kjenner kanskje henne fra den faste spalten «Fritt Ord» i avisas lørdagsmagasin som gikk ut 2015. Og noen husker henne sikkert som reporter samme sted tidlig på 2000-tallet. Nå har Unn Conradi Andersen konvertert til akademia, men savnet kanskje språket litt i sin nye hverdag. I hvert fall har hun nettopp debutert med romanen «Alt uavklart». Møt Unn Conradi Andersen her!

Aktuell med: romanen  «Alt uavklart» på Forlaget Oktober

 

Kort om deg selv?

Eg er 45 år, oppvaksen på ei lita øy som heiter Hareidlandet, men har budd i Oslo dei siste tjue åra. Eg har vore journalist i mange år, er no forskar, og kan kanskje bli forfattar.

Når skjønte du at du ville bli forfatter?

Om det er ei moglegheit, vil eg absolutt tenke over det.

Hva handler boka di om?

Boka handlar om Torunn, som i starten av boka har alle privilegium; ein god jobb, eiga leiligheit og ein kjærast. Men underveis i boka skal ho miste alt, og sette spørsmålteikn ved alt ho trudde ho visste.

Kan du si noe om hvordan du fikk idéen til akkurat denne boka? 

Ideen om denne romanen oppstod då eg arbeide med ei avhandling i sosiologi. Eg kjende meg begrensa av det disiplinerte vitskapelege språket. Det var så mykje eg ikkje fekk sagt, så det oppstod ein lekkasje, eit anna språk, som blei denne boka.

I forskinga mi har eg vore oppteken av kjønn og seksualitet, og eg hadde lyst til å skrive fiksjon som romma noko av dei same spørsmåla, men på ein mykje meir konkret og billedleg måte, som: Kva er kjønn?

Hvis du har fri og ikke skal skrive, hva vil du da helst bruka tida på?

Aller helst vil eg då vere i naturen eller lese ei bok. Kanskje ta eit bad i eit skogstjern. Men uansett har eg det best når eg skriv.

Av Leif Gjerstad

Flere bokdebutanter her!

Print Friendly, PDF & Email

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *