Bokdebutant Øyvind Rangøy

Øyvind Rangøy bokdebuterte i Estland før han nå debuterer i Norge (Foto: Asko Künnap)

«Dikta til Øyvind Rangøy verkar mogne og kombinerer ein sterk rytmisk impuls med ei fascinerande biletskapande evne» skriver en anmelder, mens en annen ganske enkelt konkluderer med at Rangøys diktsamling er «den beste eg har lese på lange tider».

Aktuell med diktsamlingen «Dødsbu» på Aschehoug forlag

Kort om deg selv?

– Eg er fødd i 1979 i Kristiansund og køyrt heim til Rangøya i Averøy, med sju husstandar og nokre fiskebåtar. Då eg var to år, vart trålaren selt og dei store fiskeria gjekk over i det
mytiske eg alltid skulle sakne å bli del av. I staden vart eg estisk-filolog, master i nynorsk skriftkultur og kvalitetsleiar i fiskeindustrien – og til slutt norsklektor ved Universitetet i Tartu.
Eg har heimar i to land, har budd i Estland på heil- eller deltid i over tjue år og er heilt tospråkleg. Då eg gav ut mi første bok var det ikkje på norsk, men på estisk. Innimellom forstår eg at det er litt rart.

Når skjønte du at du ville bli forfatter?

– Eg skjønte vel eigentleg ikkje det. Eg skjønte derimot at desse dikta som tok til å presse seg på hadde ei kraft i seg, det kjendest så viktig at det å rekne det som tidsfordriv ikkje på nokon måte kunne karakterisere det.  Eg kalla meg først poet. Først då eg hadde fått den estiske debutantprisen i 2019 våga eg nok også å kalle meg forfattar utan å nøle så mykje

Hva handler boka di om?

– Boka handler om å kome tilbake til noko som har endra seg. Om ei bygd som er annleis og folk som er borte, og om det å vere den du er når så mykje av det du hugsar ikkje lenger er slik du hugsar det. Og ein heil del om lys.

Kan du si noe om hvordan du fikk idéen til akkurat denne boka? 

– Boka består av mange enkeltdikt som har kvar si historie. Sjølve ideen har sakte utkrystallisert seg: kva er det eigentleg ein vender tilbake til når nokon døyr? Er det sorg, nostalgi, fortid? Eller finst det også noko i det ein vender tilbake til som kan hjelpe ein å gå vidare? I mange år har eg lurt på korleis ei bok kun handle om det å forsone seg med tida som går. Dødsbu vart eitt mogleg svar.

Hvis du har fri og ikke skal skrive, hva vil du da helst bruka tida på?

– Gode samtalar og ting som gjer verda større.

Av Leif Gjerstad

Flere bokdebutanter her!

Print Friendly, PDF & Email

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *