Bokdebutant: Cecilie Almberg Størkson

Cecilie Almberg Størkson (Foto: Anna-Julia Granberg/Blunderbuss)

Cecilie Almberg Størkson er utdannet innen kunst og jobber på Hordaland kunstsenter. Men selv om hun har jobbet mest med visuelle uttrykksformer, er kanskje spranget derfra til lyrikk tross alt ikke så stort?

Aktuell med diktsamlingen «Ein alvorleg sjukdom» på Cappelen Damm 

Kort om deg selv?     

– Eg er 34 år, vaks opp på Karmøy, og kan framleis ta meg sjølv i å lengte etter opne landskap, men utanom det trur eg at eg har blitt Bergenser. Eg er utdanna innan kunst og kunsthistorie og har stort sett jobba med visuell kunst, frå forskjellege innfallsvinklar. No for tida jobbar eg på Hordaland kunstsenter. 

Når skjønte du at du ville bli forfatter?   

 – Tanken om å prøve seg som forfattar har dukka opp med jamne mellomrom, og så for nokre år sidan bestemte eg meg for å ta skikkeleg tak i den, og begynte å dreie skrivepraksisen min mot det skjønnlitterære. Tok ulike skrivekurs og starta eiga skrivegruppe, kom i kontakt med forlaget mitt, starta på Forfattarstudiet i Tromsø. Så meir enn eitt, lysande augeblikk har det vel vore ein gradvis prosess, der eg har kjent meir og meir at dette har eg lyst til å bruke tida mi på. 

Hva handler boka di om?    

 – «Ein alvorleg sjukdom» handlar om eit eg som har blitt diagnostisert med livmorhalskreft. Dikta den består av er nedslag i situasjonar, kjensler, tankar og spørsmål som følger denne eksplosjonen av ein beskjed. Til saman fortel dei ei historie som handlar om eit sjukdomsforløp, om kva kreft er, om det å vere pasient, om eget sine relasjonar med pårørande, om møter med legar og sjukehuset, om ein situasjon som omfattar både uunngåelig nærleik og tiltrengt distanse – og om den fysiske kroppen, som jo er føresetnaden for heile eksistensen til eget, men som ho likevel veit svært lite om.  

 Kan du si noe om hvordan du fikk idéen til akkurat denne boka? 

 – Arbeidet starta med ein sjukdomserfaring, som eg ville gi ei litterær form. Meir enn å komme på ein idé og prøve ut den, kjendes det som å gå i gang med ei undersøking (eller kartlegging?), av ei ny verd (eller tilvære?), som eg plutselig befann meg i.

Hvis du har fri og ikke skal skrive, hva vil du da helst bruka tida på?

 – Lese, trene, drikke og ete med vennene mine, sitte i sola når det er mogeleg (oh Vestlandet), sjå ASMR-videoar på youtube. 

Av Leif Gjerstad

Flere bokdebutanter her!

Print Friendly, PDF & Email

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *