Bokdebutant: Monica Goksøyr

Monica Goksøyr har fått godord for sin novellesamling «Slemme jenter» (Foto: Oda Berby/Aschehoug forlag)

Forrige helg kom hennes første novellesamling ut. Og i uka som gikk har Monica Goksøyr kunnet glede seg over positive anmeldelser av «Slemme piker», der en anmelder karakteriserer novellene som «små perler av skarp observasjon».

Aktuell med: Novellesamlingen «Slemme jenter» på Aschehoug forlag

Kort om deg selv?

– Eg vart fødd i 1990 i Thailand og kom til Sunnmøre, der far min er frå, som 3-åring. Har vakse opp på den vesle øya Runde, kjend for fuglefjell og lundefugl og flytta til Oslo som 18-åring for å studere sosialantropologi. Sidan tok eg ein mastergrad i jus og jobbar no som juridisk rådgjevar i statsforvaltninga. Bur med sambuar, to kattar og frå januar, ein baby, på eit loft i Gamle Oslo. Eg har alltid vore eit lesande og skrivande menneskje og søkte meg i 2018 inn på Aschehougs forfattarskule, noko som resulterte i novellesamlinga Slemme jenter.     

Når skjønte du at du ville bli forfatter?

– Allereie i tidleg barneskulealder. Eg hugsa at den beste dagen i veka var fredagar, då vi ikkje hadde vanleg skuledag, men fekk skape ting etter fantasien av sand, modellervoks, eller byggeklossar, og deretter skrive ei forteljing om det vi hadde laga. Det var så frigjerande å få sleppe fantasien laus, og eg hugsa at eg elska å lese forteljingane mine for dei andre borna.

Hva handler boka di om?

– Boka heiter Slemme jenter og over sju noveller tek ho før seg kvinnelege karakterar med destruktive krefter. Det er jenter som i saknet etter å fylle eit holrom i seg sjølv, grip etter noko og knusar noko, eit modellskip, eit hjarte, eit vennskap.

Kan du si noe om hvordan du fikk idéen til akkurat denne boka? 

– Meir enn å ha ein klar idé frå byrjinga av, har boka nok utvikla seg ganske organisk som eit resultat av kven som skriv – min bakgrunn, min etnisitet, og min eigen rastlause søken etter noko meiningsfullt. Elles er det jo tilfeldige ting eg har snublar over i kvardagen som har fått ein stein til å rulle, og utvikle seg til å bli dei ulike tekstene i denne samlinga. Ein hund eg har passa, ein pinleg samtale med ein kollega, eller eit teaterstykke eg har sett.  

Hvis du har fri og ikke skal skrive, hva vil du da helst bruka tida på?

– Eg får stadig nye interesser og har vore innom mange hobbyar i løpet av livet, herunder boksing og ballett. Akkurat no har eg fatta interesse for sanking av nyttevekstar i naturen.

Av Leif Gjerstad

Flere bokdebutanter her!

Print Friendly, PDF & Email

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *