Bokdebutant: Ida Hove Solberg

«Var det grønt» spør Ida Hove Solberg i sin diktsamling (Foto: Signe Fuglesteg Luksengard)

Debutanten beskriver sin diktsamling som «ei oppløysingssoge, ein sørgesong og ein protest». Selv er hen for tida opptatt av å protestere og demonstrere mot Israels krigføring i Gaza, mot det hen mener er et folkemord på palestinerne.

Aktuell med diktsamlingen «Var det grønt» på Samlaget

Kort om deg selv?

– Eg er 36 år og ein relativt sein debutant, trur eg. Min veg til litteraturen har gått via språkstudiar, korrekturlesing og språkvask, omsetting og gjendikting, kritikarverksemd og forsking – og ikkje minst tidsskriftsarbeid. Skriveskole har eg innimellom drøymt om, men aldri gått på.

Når skjønte du at du ville bli forfatter?

– Frå eg var ganske ung var eg veldig interessert i det å skrive. Sjølve den fysiske handlinga verka forlokkande, om det så var å dra ein blyant over papir eller taste på knappar på ei maskin. Eg har venner som har blitt forfattarar på den meir eintydige måten (debuterte som unge, har gitt ut fleire bøker sidan), og eg tenkte nok da at eg ikkje skulle bli det sjølv. Og eg tenker vel også at eg ikkje har blitt det, no heller. Men eg er glad eg har fått skrive denne boka, kva no enn det gjer meg til.

Hva handler boka di om?

– «Var det grønt» er ein sørgesong i møte med oppløysinga, ei soge om å miste noko verdifullt og om å forsøke å finne tilbake til kva dette var, halde det i hevd berre litt til, før det verkeleg er over. Og denne songen er sungen i det aller siste augeblikket.

Kan du si noe om hvordan du fikk idéen til akkurat denne boka?

– Eg har ikkje vore meg bevisst om boka spring ut av ein særskilt idé, men det har heile tida vore tydeleg for meg at eg har skrive med utgangspunkt i frykter eg ber på. Dei dreier seg om utviklingar i samfunnet vi lever i eller som liknar på dette, men også om dei vakre stundene i livet, alt vi har og er, kor skjørt tilværet kan vere. Kva skjer om det heile går i oppløysing? Kva vil vi sørge over, kva vil vi angre på? Og kva ser vi tilbake på med kjærleik og glede?

Hvis du har fri og ikke skal skrive, hva vil du da helst bruka tida på?

 – Aller hels drikk eg ein kopp kaffi og heng med dei eg er glad i. No for tida er det mange demonstrasjonar for våpenkvile på Gaza og boikott av apartheidstaten Israel. Eg møter opp så ofte eg kan. Om ein kallar seg forfattar eller ei, det er ikkje så viktig. Det viktige er å halde fast ved solidariteten mellom menneska. Skrivande på Gaza, og på Vestbreidda òg, er ei utsett gruppe. Ein tenker kanskje oftast – og med rette – på journalistar som sanningsvitne, men eg vil også nemne at alle som skapar, som bygger rom for å draume, rom for håp og for andre røynder, det vil seie kunstnarar av alle slag, dei er òg vitne. Og dermed er dei også «farlege» for undertrykkande og valdelege regime, fordi dei kan halde liv i nettopp håpet og viljen til å kjempe for det som betyr noko. Akkurat no går det føre seg eit folkemord, og det er ikkje til å fatte, ei heller til å bere. Som skrivande er vi forplikta til å protestere i solidaritet med våre kollegaer. At Noreg ikkje har iverksett nokre sanksjonar i respons, er djupt skammeleg.

Av Leif Gjerstad

Flere bokdebutanter her!

Print Friendly, PDF & Email

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *