
«Debutromanen til Anne-Lise Frøland er solid, vesentleg og gripande» skriver Dag og Tid om Frølands første utgivelse, «Tynne rivner av lys».
Aktuell med romanen «Tynne rivner av lys» på Samlaget

Kort om deg selv?
– Eg vaks opp i Ålesund, i ein heim som nok var litt annleis enn det folk flest veks opp i – vi hadde ein smådyrklinikk i kjellaren. Dyr var med andre ord ein stor del av oppveksten. I vaksen alder har eg budd litt rundt omkring. Mellom anna i Bø i Telemark, kor eg gjekk på Forfatterstudiet. Nett no bur og arbeidar eg i Tromsø. Eg er utdanna lektor i nordisk, historie og filosofi, og har arbeidd fleire år som lærar, både i ungdomsskulen, vidaregåande og i vaksenopplæringa.
Når skjønte du at du ville bli forfatter?
– Det veit eg ikkje heilt, eg har alltid likt å dikte og å skrive. Den avgjerande augneblinken kom likvel i 2020, då eg las Til Fyret av Virginia Woolf i Brit Bildøen si omsetjing for Skald. I denne boka treff vi mellom anna kunstnaren Lily Briscoe, som arbeider på eit maleri ho aldri blir ferdig med – før ho på siste side i boka, aksepterer at biletet ikkje kjem til å bli sett pris på: «Det kom til å bli hengt opp på loftet, tenkte ho; det kom til å bli øydelagd. Men kva gjorde det?» . Denne innsikta blei faktisk avgjerande for at eg sjølv skulle våge å skrive. Elles blei Forfatterstudiet i Bø eit svært viktig springbrett vidare. Her lærte eg mellom anna viktigheita av å lese. Å lese mykje! Mest verdifullt var det likevel å få bli ein del av eit skrivande fellesskap.
Hva handler boka di om?
– Tynne rivner av lys handlar om fleire ting. Å flytte frå by til bygd, etablere seg på nytt og ikkje minst om husdyr og landbruk. Eg håper mellom anna at ein merksam leser vil kunne klare å mjølke ei ku etter å ha lese romanen. Spøk til sides, kan ein likevel seie at boka først og fremst tek føre seg perspektivet til den pårørande i møte med tung psykisk sjukdom. Hovudkarakterane Solveig og Vegard får det ikkje enkelt på garden dei tek over etter foreldra hans. Etter kvart som tungsinnet til Vegard dominerer stadig større delar av kvardagen, veks også graden av isolasjon og ikkje minst arbeidsoppgåvene som Solveig må ta seg av åleine. Solveig kan ingenting om gardsbruk, men snart står ho der med hovudansvaret for dyr, gard og heim og ein sjuk sambuar. Det litle nettverket dei har i dalen, blir gradvis halde på stadig større avstand. Og noko av problemet er kanskje at Solveig trur at ho skal klare å redde Vegard ut av sjukdommen. Berre ho står i det lenge nok. Det er ikkje alltid ukueleg optimisme er kuren.
Kan du si noe om hvordan du fikk idéen til akkurat denne boka?
– Det var eigentleg ikkje ein idé, men meir eit bilete som kom til meg ei romjul for tre år sidan. Eg sat og åt frukost heime på Sunnmøre, så såg eg plutseleg føre meg ei kvinne som gjekk oppover i tett skog, mot eit tjern. Og eg skjønte at ho gjekk oppover fordi ho trengte å komme seg vekk. Sjølvsagt blei eg jo litt nysgjerrig. Kva eller kven var ho var på veg vekk frå? Kor skulle ho? Kor lenge skulle ho vere vekke? Og så balla det liksom på seg fra dette, og eg enda opp med å stå i grøftekantar rundt omkring i heile Bø å skrive små snuttar på telefonen. Eg tenker best når eg går tur, og det første halvåret av romanen gjekk eg mykje.
Hvis du har fri og ikke skal skrive, hva vil du da helst bruka tida på?
– Eg er svært glad i å springe, så det er ein viktig del av kvardagen min. Likevel er det sjølvsagt avgrensa kor lenge eg kan springe i gongen, og eg trivest svært godt i sofaen med ei bok også. Då les eg gjerne både romanar og essay. Eg er frykteleg glad i Cappelens upopulære skrifter og Skald sin svært vakre romanserie med omsette klassikarar (kor Til fyret er inkludert).
Av Leif Gjerstad